12 points to Norway.... Vi vant vi vant!!


Helga er forlengst over og NCF møtet i Island er snart historie.
Hellur!
Opplending eller ikkje, det er berre å gratulere trønderane med det desidert beste medietekket så langt i den riksdekkande valkampen. Ikkje at det er mykje nytt å spore, men desto meir respekt står det av at dei kjem på. Litt freidigare enn reisten av oss, litt større oppslutning enn reisten av oss, slik fungerer det.
I dag er rydding og mimring. Helga var utruleg artig, lærerik, triveleg, underhaldande og alt av positive heidersord som ein brukar å sitja att med etter ei helg med Senterungdomen. Men litt etterarbeid blir det. Ikkje at vi skal klage. Folk var svært så medgjerlege og ryddige av seg oppe på folkehøgskolen. Likevel: Vit at Siv og Thomas fyller eit utal av søppelpostar med rusk og rask etter inntak av mat og drikke medan vi andre syng Vømmøl av full strupe og anar fred og inga fare.
Så kom sola i dag og. Det er litt som med Senterpartiet. Me skal koma, um inkje saa braadt. Målingane har vore betre, men også verre. Dei neste vekene skal vi gjera oss fortente nye rekordar. Vi har fått utretta utruleg mykje dei fire siste åra, sjølv om landet enno ikkje er reist til dei høgdene vi vil ha det. Men så var det å få sagt ting på rette måten, da. Ikkje la seg vippe av gaffelen og gå i saksa.
Debatt debatt! Ingenting er som skuledebatt. Engasjerte elevar, hjarte i brann og magar breiddfulle av lysegrøne sommarfuglar. Det er no det gjeld! Og du er toppskulert og drilla på Senterpartipolitikk og har ein sjølvtillit som ikkje likar grisen. Nemleg. Sllik blir det å gå i elden etter at du har delteke på Senterungdomen si debattantskulering denne helga. Du er ikkje her? Synd for deg. Betre lukke om fire år.