16. september 2009

Takk for meg!

Da var det over for denne gongen. Fire nye raudgrøne år er sikra, og mandata stå fast, vel og merke med ei lita utskrifting der Akershus har fått vike for Troms. Senterungdomen kan nok ein gong puste letta ut og smile breidt over at mange unge og lovande skal hjelpe til med å avløyse stortingsbenkane den komande perioden.

Personleg skal eg bruke ei komande periode av ukjent lengd til å slite lesesalane på Blindern. Så skal eg sjølvsagt henge i som internasjonal leiar i Senterungdomen fram til november. Må berre seia tusen takk til dei av dykk som har engasjert dykk i valkampen til Senterungdomen, som har stilt meg spørsmål, hjelpt meg, utfordra meg og gitt støtte når verda har sett stor og svart og nådelaus ut. Dette har vore ei erfaring eg seint vil gløyme.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Koblinger til dette innlegget:

Opprett en kobling

<< Start