9. september 2009

Domen

Skuledebattane er over for denne gongen. Prosenten vår er ikkje den beste, og ein nedgang på 1,5 prosentpoeng er heller ikkje nokon seier. Når det er sagt, har vi fått SVÆRT gode resultat MANGE plassar og i Sogn og Fjordane vann vi faktisk heile sulamitten! Det er også gjort stor innsats med å presentere politikken vår på stader der det ikkje har gitt utteljing i form av stemmer. Og det er med å byggjer både organisasjon, menneske og kunnskap.


Sjølv har eg teke 11 skuledebattar i til saman 5 fylke. Alt i alt har det vore veldig gøy, og ein merkar godt kor mykje ein veks berre på eit par debattar. Har vore ute for det aller meste, og møtt mykje bra folk. Etter to unike veker med fanteri, valflesk og visjonar, vil eg tillate meg å felle ein kort dom over dei andre ungdomspartia:

FpU:
Gode på sirkus. Får alltid kritiske spørsmål frå salen, men er sjeldan under 15 prosent. Brukar skjenketider og innvandring som verdas feitaste flytemadrassar. Kan snakke for seg, men er eit kvalmande folkeferd.

Unge Høgre:
Mobbar folk som brukar nynorsk og mobbar lærarar i norsk skule enda meir. Likevel legg dei stor innsats i å få ungdomane til å tru at det blir mindre mobbing når Høgre kjem til makta. Forstå det den som kan.


Unge Venstre:
Miljø og mink må vel stå att som dei oppsummerande orda. Fint det, men null truverde så lenge dei snur seg mot Høgre, og heller ikkje klarar tanken på Sp og SV ved makta, noko som er den aller beste måten å sikre ein offensiv miljøpolitikk på.


KrFU:
Sel seg inn som eit stort og bankande hjarte, men frelser ingen. Det tyder ikkje at dei er dårlege i debattar, så da spørs det vel om det rett og slett er politikken det er noko gale med.
Mykje av det KrF står for er fint, men miljø-, fordeling-, distrikts-, skule- og velferdspolitikken til KrF kan du få hos dei raud-grøne. Dermed står du berre at med dei aller mest kristenkonservative sidene, og Herre, fri oss i all æve.


AUF:
Nest best på sirkus, etter Frp, men har overraska med større seriøsitet og meir variasjon enn før. Plukkar temmeleg godt ned det aller mest populistiske frå ytterste høgre, utan å stå att som moralistar av den grunn. Det vil, så lenge eg lever, stå som eit mysterium korleis den regjeringa som privatiserte aller mest i noregshistoria, framleis greier å mobilisere flest veljarar på velferd og fordeling, men kanskje er det eitt eller anna hipt og trendy over Ap som ingen andre greier leva opp til.


SU:
Er glad i damer, men sender dei aldri i debatt. Iallfall ikkje i viktige og/eller skumle debattar. Vanskar med å skilje seg frå Ap, men gjer iallfall ein iherdig og god innsats, ofte utan å få uteljing i form av stemmer.


Raud Ungdom:
Gratis buss fungerer bra. Eg er nesten overtydd sjølv. Mange gode debattantar, og mange gode politiske poeng. Likevel ikkje så mykje til oppslutning, og kan hende luskar ei og anna røvarhistorie om eit totalt kompromisslaustparti blotta for positive assosiasjonar.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Koblinger til dette innlegget:

Opprett en kobling

<< Start