Sprikande staur
Opplending eller ikkje, det er berre å gratulere trønderane med det desidert beste medietekket så langt i den riksdekkande valkampen. Ikkje at det er mykje nytt å spore, men desto meir respekt står det av at dei kjem på. Litt freidigare enn reisten av oss, litt større oppslutning enn reisten av oss, slik fungerer det.
Om Ola Borten Moe enno ikkje er kronprins i det offisielle Senterpartiet, er han det iallfall i det medieskapte fjøspartiet. Og det finst litt av kvart å seia om det.
Spark:
Moe meiner det er ”på tide at befolkningen i Oslo våkner opp”. Det er litt sørgeleg å sjå at partiet enno ikkje har kome lengre. Senterpartiet i 2009 bør innsjå at også folk som bur innanfor ring 3 er menneske, utfører nyttige samfunnsoppgåver og har krav på eit visst vern mot vilkårleg oppriving frå røtene. Som alle andre.
Kudos:
Moe meiner det er på tide å diskutere korleis det norske demokratiet eigentleg fungerer. VG skriv at ”han ser to tydelige tendenser i norsk politikk, færre mennesker bestemmer stadig mer, og politikk blir i stadig større grad et eget yrke.” Takk, takk, takk. No er kanskje ikkje 12.august rette tidspunkt å starte denne diskusjonen på, men det er iallfall noko å bera til barrikadane når sesjonane er i gang att. Ikkje minst fordi førstegongsveljarane er dei som har aller størst avsmak for det politiske systemet. Eitt eller anna ved måten vi gjer ting på i dag, gjer alt for mange utanfor systemet kjenner seg makteslause, og tendensen blir sterkare di yngre folk er. Senterpartiet burde vera dei første til å fronte kraftmedisinen mot dette, og jammen kan det sjå ut til at det også blir realiteten. Men så spørs det om stortingsstolane blir litt for gode å sitja i, da.

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Koblinger til dette innlegget:
Opprett en kobling
<< Start