10. august 2009

Grøn måndag

I dag er rydding og mimring. Helga var utruleg artig, lærerik, triveleg, underhaldande og alt av positive heidersord som ein brukar å sitja att med etter ei helg med Senterungdomen. Men litt etterarbeid blir det. Ikkje at vi skal klage. Folk var svært så medgjerlege og ryddige av seg oppe på folkehøgskolen. Likevel: Vit at Siv og Thomas fyller eit utal av søppelpostar med rusk og rask etter inntak av mat og drikke medan vi andre syng Vømmøl av full strupe og anar fred og inga fare.

Vi har samla inn skriftlege evalueringsskjema, så det gjenstår vel å sjå kva som slo best an. Ein verkeleg højdare var iallfall den fiktive debatten mellom eit knippe av representantar frå dei respektive ungdomspartia. Vi kosa også stort med å utfordre kvarandre reisten av laurdagen ved å sitja oss inn i, tja, litt alternative tankemønster.

No er det tilbake til vanlege og uvanlege kontoroppgåver. Materiell pakka, så fylkeslaga vil snart motta bunkar av lesbart senterungdomsmateriell. Vi håpar det no begynner å fylle seg opp rundt om i landet, men om krisetilfelle framleis skulle oppstå, skal vi sjå kva vi kan fikse. Og om det elles var noko, ta kontakt. Vi pratast!

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Koblinger til dette innlegget:

Opprett en kobling

<< Start