Kabal og anna tidsfordriv
I dag regnar det i Oslo. Ein eller anna plass skin sikkert sola, men eg veit også at det enno snør på utvalte plassar i Noreg. Så alt er relativt. Denne veka skal aksjonsplanlegging og oversyn over skuldebattar i boks. Pluss mykje anna, men dette blir nok det viktigaste. Alt i alt er eg imponert over kor god kontroll fylka har over skuldebattar, og kor mange som er villige til å stille opp. Det gjer at vi kan puste ganske letta ut her på kontoret, sjølv om vi veit at vi må trå til enklte plassar. Vi skal prøve å få lagt ein kabal som gjer at kløveren kan dekke heile Noreg sjølv om eitt og anna hjarte nok kan bli skuffa..
På fredag var eg og held helsingstale for Ungdom mot EU. Det er utruleg korleis den organisasjonen der berre veks og utviklar seg for kvart år som går. Leiren deira såg veldig triveleg og velorganisert ut. For ikkje å snakke om kor godt den marokkanske kyllinggryta smakte! Når vi til hausten skal krevje ei omstendeleg kartlegging av alternativa til EØS, er det godt å vite at ein har denne gjengen både framfor og bak seg.
Håpar alle har ein god dag, og at de tek kontakt med oss om de har gode idear på lur eller anna de vil meddele:)

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Koblinger til dette innlegget:
Opprett en kobling
<< Start