Valkampsekretæren helsar
Til Senterungdomen
Det er ikkje ofte ein opplever å setja kaffien i halsen ein time etter at han er drukken opp. Syndaren var kommunikasjonssjefen i partiet og vi får håpe han evnar å fange merksemda til riksmedia på ein like effektiv og utspekulert måte.
Men så er det heller ikkje ofte ein opplever å få sommarjobb i Senterungdomen! Etter 7 år på universitetet, 7 år i Senterungdomen, 3 år i Ungdom mot EU og ei brokete hobbyjournalistisk karriere skal det bli interessant å finne ut om ein dug til noko anna enn møteplageri og produksjon av strykingsframlegg.
Thomas fungerer i dag som Christina sine auge, øyre og høgre og venstre hand, etter at eit lite nurk ved namn Nina har gjort sitt inntog til verda og truleg er vel verd eit par dagars avbrekk frå kontoret. Generalen er på Haltenbanken og inspiserer Noreg sine bidrag til global oppvarming. Eg blir lært opp trinn for trinn, og blir mindre kjepphøg for kvar time som går.

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Koblinger til dette innlegget:
Opprett en kobling
<< Start