Nytt under sola
Ny måndag og framleis sol i veret. Kontorgjengen har på kvar sin kant fått mykje frisk luft i helga, og er no godt ladd til ei ny veke med iherdig innsats. Neste utgåva av Desentralist er i ferd med å ta form, men det viser seg at det tek tid å få inn bidraga, da ikkje alle er like flinke til å få halde fristar. Klaps på lanken og spark i rompa til dei det må gjelde. Mulegeins inkludert meg sjølv. Men det skal bli bra til slutt. Eg lovar.
Sist veke hadde vi eit kortarte landsstyremøte på nett. Veit ikkje kor godt oppdaterte folk er, men vi avgjorde altså med eit knapt fleirtal, at landsstyret ønskjer landsmøtet tilbake til sommaren. Så da jobbar organisasjonsutvalet ut i frå det, og det blir spennande å sjå arbeidsplana dei legg fram. Ikkje minst kan det bli ein spennande diskusjon på landsmøtet i november når det endelege vedtaket skal stå. Så får vi berre håpe at ikkje landsmøtediskusjonen tek brodden av all politisk diskusjon.
Ha ein fin dag alle saman, og snakk fint om Senterpartiet :)

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Koblinger til dette innlegget:
Opprett en kobling
<< Start