Kan ikke se å ha mottatt...
Det er så fint ver i Oslo om dagen! Men nok om det, no skal det først fremst tordnast litt. For i dag har den berømte kontorgjengen pakka purringar. Ja, eg berre seier det. Vi har ikkje gløymt dykk! Desse 100 kronene er det berre å punge ut. Drikk to øl mindre neste gong du ranglar rundt ein forsliten laurdags kveld, og saman har vi spara deg for både hovudilt og fylleangst. Om du ikkje har for vane å slå deg på helgefylla, er det heller ikkje noko gale i å kutte ned på kefirn eit par dagar.
I tillegg vil eg minne om at desse skarve kronene vil vera ein gyllen inngangsbillett ei endelaus rekkje av herlegdomar. Eg nemner valkampskulering, Desentralist, Spurt, og fråveret av innkrevjar Thomas «Ruslebiff» Haug ruslande rundt hushjørna dine ei mørk midtsommarnatt.
Litt om helga i same slengen. Fagforbundet Ungdom hadde leir i helga, og inviterte derfor til paneldebatt om tja, det meste. Så i praksis vart det ein liten forsmak på skuledebattkjøret. Eg stod opp halv 7 søndag morgon og drog til Stavern med vår alles kjære NSB, no også som buss.
Fag-kidzn var på hugget, og det er vel synd og skam å seia at ikkje panedeltakarane var det også.
Ein del hadde feiga ut, det vil seia KrFU, Unge Venstre og FpU. Unge Høgre hadde ryggrad til å møte, det skal dei ha, sjølv om det sjølvsagt vart heitt for dei. Det vart det for oss alle, for sola steike frå alle kantar, men moro var det lell. Raud Ungdom kunne nok ein gong minne oss om at regjeringa hadde vore i fleire krigar enn Eirik Blodøks og Unge Høgre og SU krangla om kven som hadde dei beste argumenta for at AUF hadde den dårlegaste miljøpolitikk. Få overraskingar, med andre ord.
Seinare på dagen var det møte i valkamputvalet vårt, og det vart konspirert ut i dei små timar.
Konspirasjon gjekk stort sett ut på uroingar for om eg hadde nok arbeidsoppgåver, så eg trur folk kan slappe av. Det blir sørga for at lønsmidla mine får avsetning framover.
Så da er eg vel igang. Det eg manglar no, er ei kode til alarmen. Det innsåg eg etter ei mildare skrekkoppleving laurdag føremiddag, da alarmen sette igang eit frykeleg leven. Som mang ein senterpartist før meg, var det eigentleg sosialistiane eg frykta aller mest, og sat berre og venta på at Audun Lysbakken skulle koma springane ned frå SV-kontora i 5.etasje og rase. For tida må lure alarmboksen til å tru at eg er Morten Vollset, noko som nei, ikkje inneber vill flørt med sentralborddamene, men taste fire siffer i ordna rekkjefølgje.
Vel, da veit de alle at eg ofrar både helg, sykne og seine måndagar for denne organisasjonen.
Måtte alle de der ute fine inspirasjon til å gjera det same;)

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Koblinger til dette innlegget:
Opprett en kobling
<< Start